Sunday, August 1, 2010

vipadlerganskesaalangt.com

Hei igjen!

Vi ankom Yukon Crossing/Dalton Highway bridge i forigaars kveld/natt, etter ca. ei veke paa elva etter Fort Yukon.

Har hatt det fantastisk paa elva men den siste etappen sementerte det vi i grunn begynte aa faa ein magefoelelse paa: for aa komme oss til havet maatte vi hatt havkajakker videre, evt. eit par veker lengre tid.
Vi var vaerfaste ein dag i Ft. Yukon pga. vind ("If you guys head out today, we'll be so worried back here we'll have to race after you in our boats and check on you" var beskjeden fraa dei lokale...hehe, soete folk!), og ytterligere to dager paa elva.
Eine dagen padla vi om natta daa det som regel stilner daa, men i og med at teltet blir usnorkbar sauna om dagen var ikkje det noko langvarig opplegg.
Har vist seg vanskelig - og tidvis litt skummelt, viktig aa ha baugen mot boelgene! - aa padle mot vinden naar elva er stor (gjennomsnittsstr. mellom elvebreddene fra Yukon Crossing og til havet er ca. 1,6 km, men kan bli opptil det dobbelte/triple paa visse steder) og minner mest om fjorden heime paa ein ruskedag.
Kombien av stroem nedover, og vind oppover, mekker ogsaa overraskande store boelger ift. vindstyrke.

Ergo - vi brukte ca. 5 veker paa litt over den foerste, snille halvdelen, og ville nok trengt i alle fall tilsvarande for aa komme oss til havet. Og vi har ca. 3 veker igjen...:)
Saa vi er usedvanlig realistiske, og bruker heller dei tre siste vekene paa aa sjaa litt meir av alt det fine mangfoldet Alaska har aa by paa.

Saa no har vi ein planleggingsdag i Fairbanks.
(Dette etter aa ha faatt haik med ein "tourbus", compliments of Alan - tidenes kulaste pensjonistbussjaafoer med eit uendelig repertoar av kneggehistoriar paa turen ned. Northern Alaska Tour Company anbefalast paa det varmaste!)
Vi vurderer ein rekke alternativ: Denali, Kenai, Sitka, Chilkoot Pass, osv…er ingen mangel paa naturjuvelar, men det avgjerande for aa faa kabalen til aa gaa opp er transportmiddel. Mykje villmark=lite infrastruktur, men det er vel i grunn ein grei pris og betale.

Ein faar saa annerledes tidsperspektiv her ute - 18 dager til virker vemodig lite!:)

Kort oppsummert fra elva: vi har hatt det som to bustete,myggspiste, mystisk luktande og solbrune(brente) plommer i egget.
Det er ein slags ro naar ein er midt ute i naturen over ein lengre periode som er vanskelig aa overfoere til papiret med ord - ein sum av lukter, lyder, fravaeret av lyder, synsinntrykk, og alle tankene som bare faar summe i fred oppe i hodet, og ikkje minst det at det er bare dette som er livet ditt - ingen avtaler, ingen forpliktelser, ingenting anna enn deg og verden rundt deg - som roerer ved ein vanligvis urban sjel. Ein faar ein lugnhet og eit perspektiv paa kva ting som virkelig har verdi her i livet, som ein forhaapentligvis klarer aa holde fast paa midt i mellom alt hastverket og trafikken som venter paa aa fylle hodet naar vi kjem tilbake.

(Eg leste ein liten snutt ein plass om korleis vi menneske blir desensitiverte for verden rundt oss som ein rein adaptasjon til det aa leve med saa mykje stoey, og det var i grunn eit artig poeng. Klart det, sjaa for deg ein hoeglydt flyplass fks. - med mobiltlf., barneskraal, traller, osvosb. - hjernen maa paa ein maate bli litt nummen for ikkje aa bli aldeles overfylt.
Mao - viktig aa hoeyre paa foglesangen;))

Vi har ogsaa moett saa mange fine mennesker baade der vi har stoppa, og paa elva. Og det vi leste om at indianerne i smaalandsbyene langs ved elva var noken alkoholiserte skurker var bare godt gammaldags sludder og poelsevev!
Det er bare aa smile og vaere imoetekommande sjoelv, saa er dei noken av dei mest rause og blide folkene eg har truffe paa, sjoelv om det unektelig er ein rimelig fri flyt av alkohol rundtomkring. Eg skjoenner godt at dei blei lurt trill rundt av kvitemann whisky som kom nedover elva foer oss...:)

Saa det var med ein liten klump i halsen at vi pakka sammen kanoen og satte snuta soerover - vi har allerede lagt planer om aa fullfoere distansen ein gang vi har meir tid, og tidligere paa aaret (August er visst kjent for daarlig vaer nedover elva blant dei lokale. Naar det blaaste saa faelt i Ft. Yukon saa kommenterte Snook - ein utrulig artig kar som lot oss campe paa eiendommen hans - at det var ein blaasete periode no. "Oh yeah", svarte eg,"how long do you reccon it will last?" "Usually 'till about October" var svaret).
So long Great River, seier vi derfor, we'll be back!

Men naar alt det er sagt, saa gleder vi oss veldig til resten av turen, til aa faa tatt fleire fine bilder til Bergans, og til aa komme tilbake til alle vi er glad i heime. Vi har kost oss i kverandre sitt selskap, men det blir gildt aa klemme paa andre kjente og kjaere kropper ogsaa!

Mange helsingar fraa oss som har padla ganske saa langt:)

NB: Skal laste opp nokre bilder om vi faar tid i morgon!

1 comment:

  1. Godt å høre fra dere. Synd at dere ikke får fullført turen som planlagt, men det viktigste er jo uansett at man nyter turen, og det høres det ut som dere absolutt gjør. :-)

    Gleder meg til å se flere bilder!

    ReplyDelete